Sidan det var for blautt i marka oppe på fjellet - gikk vi heller bratt ned :-). Denne gongen gikk turen frå Sogndal Lufthamn til Tingastad. Det var relativt bratt nedover (ja - oppatt og...), luftig var det også - nokre plassar. Vi gikk nedover langs Klarelvi
Foto: Han far med Klarelvi i bakgrunn
Nede ved Tingastad (etter omlag 1 1/2 time), var det ting som tyda på at hjorten både hadde plukka og ete alle epla dette året...
Foto: Tingastad Gard
Nede på strondi gjorde soli eit forsøk på å bryte gjennom skylaget, dette må seiast å være eit godt forsøk - i det vi ser over mot Frønningen
Foto: Mot Frønningen
På veg oppatt - etter å ha passert Sagagjelet - kom vi til ei tømmerkoie, som truleg ikkje er i bruk lenger...
Foto: Tømmerkoie
Sola gjorde eit nytt forsøk på å bryte gjennom - denne gangen vant skylaget...
Foto: Break on thru




