Ny sesong, 2012/13 er i gang. Denne gong turen i fjella mellom Sogndalsdalen og Hafslo. Været hadde vore litt ymse, men vi satsa på at værgudane ville halde seg på vår side. Turen starta på Fretland og du verden for ein start. Ikkje visste vi at så mange hadde sett fram til starten av sesongen. Vi følte oss som reine popstjernene. Dette ser du tydleg på bilde til venstre.
Som tidlegare nemnt så starta turen frå Fretland og vegen gikk i jevn stigning opp mot Stokksete langs grei traktorveg, for so å gå over på sti. Det kan derimot være ein fordel å ha litt elektrobakgrunn, for dei hadde vore flinke og satt opp ein del straumgjerde på vegen.
Stokksete
Etter første stopp og fått stempla posten på Stokksete, skulle vi gå i retning av Tyldering. Vi skar nok litt for mykje til venstre, men då er det ein fordel å ha med følgje som har gått i fjella i ein del år... Han fekk snudd oss på rett kjøl (elles hadde vi havna på Orrestadstølen...). Det er fortsatt jevn stigning, hmmm - og etter litt tid er vi på fjellstølen som heiter Krakksete. Her fekk eg også høyre om sagnet om Krakksetebrura.
Krakksete
Etter å ha konstatert at det ikkje var så mykje att av stølen forsetter vegen opp mot toppen, fortsatt er stigninga jevn og fin. Nærmare toppen var det eit flott oversyn over vatna oppe på fjellet frå høgre mot venstre: Halsavatne, Vetlavatne, Honningtjørni (knapt synleg), Holmavatne og Kyrauga.
Vatn på fjellet
Så var vi på toppen da - Tylderingen (1104 moh), flott utsikt sjølv om det ofte bles på toppane. I bakgrunnen ser vi ned på Dalavatne.
Tylderingen
Det bar vidare i retning av Hafslo, der det skulle være ein ny post. Etter kort tid kom vi til eit flott vatn - Svartavatnet. Her fekk også den eldste påfyll av næring i form av molter (omlag som ein unge i godtebutikken)
Svartavatne
På veg ned til Turlid vart vi møt av nydlege haustfargar - hausten er jo fin den og...
haustfargar
Neste stopp var Turlid vart det ny post å sanke, samt mat til mons (pølse med brød, saft, sjokolade og kaffi). Ved Turlid snur vi i retning Sogndalsdalen igjen - no har vi gått i 7,03 km. Ut frå stølen dukkar regnbogen opp...
Regnboge over Simosete
På vegen tilbake gjekk vi via Øktarskard, i grunn ein stilig passasje.
Øktarskard
Etter å ha passert Øktarskard kom vi ned til Hundsvatnet, her kunne den eldste i flokken nok ein gong guide litt og fortelje om ei svunnen tid... Det var ein demning ved Hundsvatnet (under) og ein ein demning på Halsavatnet, som var inntak til eit kraftverk på Hundere til dets sagbruk.
Demning på Hundsvatnet
Spennande å lære noko nytt, men no hadde vi siste post i sikte. Siste post er Djupadal og herfrå og nedatt til Fretland var det nystrekt traktorveg.
posten ved Djupadal
Då - etter 12.98km var vi tilbake på Fretland, etter litt over 4,5 timar. Værgudane hadde smilt til oss heile vegen. Hausten er også ein fin ting, og vi var skjønt enige om at dette hadde vore ein flott tur.










Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar