torsdag 6. mars 2014

Living in London - part I

Ein slags halvvegsevaluering, sjølv om vi er over halvvegs i vårt opphald i storbyen.

Jammen er vi heldige som får prøve ut dette. Det bunnar i ein driftig phd student og ein god arbeidsgivar som ser og gir oss muligheitene til å få prøve dette ut.

Det var med stor spenning vi drog hit like over nyttår - 4 månader i London... Og den første veka var "rar", det var som å gå litt tilbake i tid. Vi hadde ikkje bil, telefon, tv, internett og til tider heller ingen varme i huset (har gått ca 200km i månaden etter vi kom hit). Kontakt med omverden fekk vi ved å gå til Starbucks (der fekk vi kjøpt myrvatn og tilgang til trådlaust nett). Tida gjekk utruuuuleg seint. Men det tok omlag ei veke å få det meste på plass og det må seiast å være bra. Eit enkelt land å komme igang i, nøkkelen låg mykje i å få seg ein engelsk bankkonto.



Så var det i gang med skulegang for dei små på DNS - kult namn :-). Her blir heile London brukt som klasserom, noko som betyr at dei får gått på museum, eller ulike parkar. Eit anna døme er at dei besøker moske når dei har RLE - meget bra og veldig godt inntrykk av skulen. Her blir dei også høyrde i lekse, ikkje fullt så mykje ansvar for eigen læring (eller som eg vel å sjå på det - ikkje så mykje ansvarsfråskriving frå lærarane).

Å jobbe heimefrå går igrunn greitt, teknisk sett er det ingen problem. Er også glad for dei som tek kontakt - noko som er nær dagleg. Det som du savnar er den korte avklaringa, råtapratet og ein litt betre stol. Men so har ein store friheiter då. Ingen som hever augnebryna om du går i berre truse og Ulvang ullgensar her. Berre du får jobben gjort - og det føler eg at eg får.

Fruen sin phd er tøff, men det går bra - følg heller henna blogg om det og ditt.

Opplevingar

Det er det mange av og det vil ta årevis - sikkert meir enn eit liv for å rekke gjennom alle dei muligheitene som finnes. Faren er vel at ikkje hugsar alle vi har hatt desse månadane heller...

Parkar

Richmond Park

Vi har nokre verkleg flotte og store parkar like i nærleiken av oss. Til no har eg berre fått med meg Roy opp i desse parkane, dei andre veit ikkje kva dei går glipp av. På ein joggetur i Richmond Park, kom vi også over den lokale hjortestammen - vil anslå det til å ha vore mellom 50 - 100 dyr. Wimbledon Commons er ein litt mindre park, men nærmare. Det er heller ikkje uvanleg å treffe på rev, har vel truffe på eit 10-tals.

Feiringar

Bursdagsfeiring

Ulike feiringar har vi vore gjennom - første dag etter vi kom hit var det bursdagen til Noah. Seinare var vi inne på Trafalgar Square for å feire det kinesisk nyttåret, rimleg med folk kan vi vel seie (men det er jo ein del av det å være i London...). Så sist, men ikkje minst var det feiring av bursdagen til Frida og hennar jubileum.

Museum

The Tower

Så har vi vore innom nokre museum som: Sience Museum (gratis inngang) og Natural History Museum(gratis inngang). NHM var veldig kjekt og spennande - noko eg verkeleg anbefaler til alle, hadde vi vore her lenger skulle eg gått ein gong til. Så var vi på The Tower også det veldig bra, med diamanter og alt muleg (kalla det vel for kronjuveler)

Shopping

Portobello market

Shopping er vel noko ein berre må når ein er i London? West End er travelt - nok om det... Så har vi vore på Camden Marked, dette er kanskje meir eit marked for ungdommen - noko eg ikkje er lenger. Så må/bør man på Portobello Marked enten ein onsdag eller laurdag, men nok ein gong - rimleg med folk. Så til slutt to av mine favorittar i priortert rekkefølge:

  1. Borough Marked, mat marked, ved London Brigde. Veldig spennande, har til no vore der to gonger og satsar på å rekke eit par gonger til...
  2. Kensington Upon Thames, skal man på shopping er det like godt å finne seg ein plass der man har det same utvalget som på West End - men adskillig roligare med gågater osv. (slike senterområder er det mange av)


Fotballkampar

Thomas er med på Charltonkamp

Det har blitt nokre Charlton kampar, sigern mot QPR var berre lekker. Skal nok rekke nokre fleire av dei, litt uryddig terminliste så lenge vi gjer det godt i cupen. Så drog eg med fatteren, Rune og Roy på Millwallkamp (sidan Charlton spela borte...) - for nokre galningar. Eg hadde då klart å kjøpe billett blandt den harde kjerne, men det synes fatteren (og Roy&Rune) var berre gøy:


Leyton Orient eit nytt bekjentskap (sidan Charlton hadde bortekamp), eit velspelande lag - som det viste seg har hatt ein tidlegare Sogndal spelar på sitt lag. Tom, Synne og Maren vare med på denne turen

Konsertar

Det som er ekstra kjekt er at man alltids finner personer med samme interesse. Var og høyrde på ein av mine ungdomsheltar saman med Børge - Lloyd Cole. Så var på den legendariske jazzklubben Ronnie Scott og høyrde på Avishai Cohen saman med Tore, Aril og Arne. Og sist på ein meget spesiell konsertopplevelse saman med Maren - 5 Seconds of Summer...

International part :-)

We were blessed with the best neighbors from Mumbai - if we loved indian food before - we're loving it even more now. They are spoiling us with new dishes - thanx



So ser vi fram til andre del av opphaldet, som vil innehalde nye opplevingar og turar ....  




Ingen kommentarer: