Da er det ei god veke sidan eventyret var over... Og for å summere med ein gong: "Living in London is good".
Blitt åtvara at slik er det: Det er vemodig å dra fra London, men veldig glad for å ha fått opplevd det. Vi har blitt kjent med mange veldig hygglege folk, familiar og hatt mange flotte opplevingar. Storbylivet er fantastisk med sitt yrande liv og eg trur det er ekstra bra når du veit at det er tidsavgrensa og kan trekke seg tilbake til ein rolegare kvardag etter kvart. På sett og vis er det også bra å dra heim før vi ønskjer å dra heim, då blir minna gode. Får du sjansen til å gjere noko tilsvarande - gjer det!
Det var ein halvvegs evaluering som heitte "Living in London - part 1"
. Og det har vel fortsatt mykje i same duren i andre del...
Eit spørsmål eg har fått relativt mykje er, "kva kostar det der borte då", "det er vel dyrare det" eller "det er vel billigare". Har difor starta opp ei kvalitativ forskning på dette - som vil gi svaret i løpet av mai månad.
Opplevingar
Opplevingane var mange som landemerka i London (Tower Brigde, Big Ben osb.), helgetur til Isle Of Wight, Legoland for barna, Windsor Castle, Primrose Hill, shopping i Kingston Upon Thames, resturantbesøk (1-2 ganger i veka), konsertar - der arena var hovudfokus og konsert bonus (det blei fem i talet: Lloyd Cole, Avishan Cohen, 5 Seconds Of Summer, Robert Glasper og The Feeling).
Så sist men ikkje minst - det som var mine oasar i London:
* Parkane i Wimbledonområdet - Wimbledon Common og Richmond park med sitt rike dyreliv.
* Matmarked her var eg på Borough Market nær 10 gonger og fant nye ting som falt i smak kvar gong. Hilde også på Tooting (Broadway), som var ei anna og spennande oppleving, eit lite bilde galleri frå Borough:
Jobb
Jobben fungerte meget bra, det har sjølvsagt litt å gjere med den type arbeidsoppgåver du i utgangspunktet har (prosjektleiing, med heile landet som nedslagsfelt). Eg hadde trudd at fleksikonto og reisetid ville bli oppeten, men so var ikkje tilfelle. Og jobbrelatert var eg i kontakt med heimekontoret nær dagleg. Sjølvsagt blir den sosiale lunsjen og den kjappe avgjerda over bordet nær fraværande, men det går for ein periode. Også ein liten påstand: Skype fungerer betre enn Lync (sjølv om dei har same eigar...)
Gikk og gikk
Besøkande
Vi fekk ein del besøk når vi var i London, og det er veldig kjekt å kunne dele denne opplevinga. Så takk for besøket til: Jonathan & Jonathan :-), Fattern, Svigers, Rune, Roy Aage, Synne, Tom, Anne Kristin, Merete, Thomas, Ragnhild, Oda, Marte Elise, Harald, Janne, Aksel
.
.
Tre utvalde bilete
Lærte matkunst av våre fantastiske venner og naboar frå India
Under joggetur med Børge møtte vi på tre romsdøler
Vi får ta med eit landemerke - nokon som kjenner det igjen?



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar