For ein dag, eit fantastisk turvær. I følge turkompis det same været som det var for 45 år sidan - ikkje verst. Turen i dag skulle gå til Grøthovden, det synte seg at der hadde ingen av oss vore før. Toppen er på 1128 moh. og ligg akkurat på kommunegrensa mellom Sogndal og Luster.
Turen starta i Kvamshagen, der det stig raskt oppover. Når man tek seg tid til ein pause og snur seg - så er det vakkert da. Under ser vi over til Gunvordalen og vidare opp i Laugi.
Etter omlag 50 minuttar til ein time er vi oppe ved DNT-hytta på Grøssete. Dette er ein av mine favoritt plassar, men idag skulle vi lenger - så vi hasta berre forbi. Turkameratane ville absolutt være med på eit bilde då, så her er dei:
Vidare gikk turen opp til det første vatne - Stenageimsvatne, deretter vidare bortover langs ryggen på Tverrdalsreset. Her kom vi til eit "kryss" - der du til venstre kan ta til Yngsdalen eller til høgre som vi gjorde mot Peisavatne og då Grøthovden. Ting tyder på at det kan være jegarar i dette området - i ny og ne - sidan det sto jakthytte der...
Etter 6 km var vi oppe på toppen av Grøthovden. Eigentleg var det flott skue i alle retningar. Eg ramsar opp lite vetta: Torstadnakken, Såta, Hafslo, Hurrungane, Haugmelen, Nuken, Storehaugen, Blåfjellet, Laugi, osv osv...
Vi kunne også sjå nedatt på Grøssete, rett fram her gikk det ikkje ann å gå. Men vi bestemte oss fort for å gå ein anna veg nedatt. Vi antok at den ville være kortare enn vegen opp.
Vegen nedatt gikk via Navarsetestølen, dette var ein adskillig kortare veg 4 km. Men desto brattare, med to killingar på tur gikk nedturen greitt og fort...
Nokre panoramabilder frå toppen:
Ogso til slutt - litt data om turen:
Vi var skjønt einige om at dette var ein fantastisk tur - og kan anbefalast på det varmaste!
Turen starta i Kvamshagen, der det stig raskt oppover. Når man tek seg tid til ein pause og snur seg - så er det vakkert da. Under ser vi over til Gunvordalen og vidare opp i Laugi.
Laugi
Etter omlag 50 minuttar til ein time er vi oppe ved DNT-hytta på Grøssete. Dette er ein av mine favoritt plassar, men idag skulle vi lenger - så vi hasta berre forbi. Turkameratane ville absolutt være med på eit bilde då, så her er dei:
Grøssete
Vidare gikk turen opp til det første vatne - Stenageimsvatne, deretter vidare bortover langs ryggen på Tverrdalsreset. Her kom vi til eit "kryss" - der du til venstre kan ta til Yngsdalen eller til høgre som vi gjorde mot Peisavatne og då Grøthovden. Ting tyder på at det kan være jegarar i dette området - i ny og ne - sidan det sto jakthytte der...
jakthytte nær Grøthovden
Etter 6 km var vi oppe på toppen av Grøthovden. Eigentleg var det flott skue i alle retningar. Eg ramsar opp lite vetta: Torstadnakken, Såta, Hafslo, Hurrungane, Haugmelen, Nuken, Storehaugen, Blåfjellet, Laugi, osv osv...
Hurrungane
Vi kunne også sjå nedatt på Grøssete, rett fram her gikk det ikkje ann å gå. Men vi bestemte oss fort for å gå ein anna veg nedatt. Vi antok at den ville være kortare enn vegen opp.
Grøssete
Vegen nedatt gikk via Navarsetestølen, dette var ein adskillig kortare veg 4 km. Men desto brattare, med to killingar på tur gikk nedturen greitt og fort...
mot Navarsete
Nokre panoramabilder frå toppen:
Ogso til slutt - litt data om turen:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar