søndag 14. april 2013

Langs Sognefjellsvegen - på ski

Som ledd i feiringa av krystallbryllaupsdagen (dag 3) - var det ski i høgfjellet som sto for tur. Værgudane var på vår side, enkelte synes det var nærast i varmaste laget.

Turen starta nær Oscarshaug, og vi drog i retning innover Sognefjellet. Reknar med det var Hr. Fortun som hadde lagt til rette med flott preparert løype innover fjellet - takker for det! Under ser vi fatter'n i fint driv i Gjuvabukti.

Opp Gjuvabakken blei vi varme og gode i trøya. Så det var godt med saft, kakao og litt sjokoladekjeks ved 1300 meter...

Litt fuglemat blei det på den firbeinte og (det er tross alt ein fuglehund)

Vidare framover var det relativt flatt fram til Øvre Hervavatn, truffe med smurning hadde vi og - vi hadde gode ski - bra glid og godt feste...


No var klokka såpass mykje at det var på tide å snu, middag venta på Turtagrø . Det var berre å gi gass. Til synelatande ni kilometer til Turtagrø...

Hvilket skue som venta nede ved Oscarshaug igjen - ikkje til å tru. Det er vel dette som kallas Nasjonalromantikk?

Resten av gjengen venta på oss nede ved Turtagrø hotell, her var det tilberedt ein tre-retters: paprikasuppe, laks m/torsk og Creme Brulee - himmelsk. Vi var alle einige om at dette hadde vore ein strålande tur og fantastisk mat... Whow