søndag 12. august 2012

Ei veke i turistforeningen si ånd...

Siste veke av ferien blei delvis tilbrakt i fotspora til DNT - og det er kjekt. Nyttar fylkesatlas som støtte til informasjon.

Første tur var til Skogadalsbøen

Heile gjengen traskar iveg kring klokka 12 ein laurdag. Tåka ligg tjukk ved Sognefjellshytta. Vi skal ned Vetle Utladalen for å gå til Skogadalsbøen. På bilde under ser vi minste deltakaren, som skuar utover det som visstnok er øverst i Vetle Utladalen.


Litt lenger nede i dalen gjorde jegaren i flokken oss merksam på ei dyregrav - stiligt (bildet under). Dette blei seinare på kvelden stadfesta av ein føredragshaldar frå Statens Naturoppsyn, den var datert til å være 3500 år gamal.

Litt lenger nede i dalen letta tåka (eller var det vi som gikk under den...), samstundes gikk vi inn i eit meir myrete og vått område, men vi var godt skodd for dette. Og trippa så lett over kvar ein bekk...


Endeleg var vi framme ved Skogadalsbøen etter nær 7 timars gange og 13,64 km. Mange var letta her, no skulle det bli godt med mat med noko attåt. Det viser seg at vi kan velgje mange vegar ut frå Skogadalsbøen

Men dagen etter gikk vi tilbake same som vi kom. Det var lettare vær denne dagen, rett og slett fint vær til å gå i - fastare føre. Bilde under er frå Stølen "Guridalen", der det var stølsdrift i 1930-åra

Nesten oppe igjen - puh :-) med nydleg utsikt over Smørstabbtindane og Smørstabbreen (der vi ein gong i ungdomen gikk over på veg til Gravdalstind - jaja)


Andre tur var til Grøssete ved Breheimen

Så var vi klar for neste tur, denne gongen med dei to minste representantane - og for eit strålande vær!!
Var litt usikker på om eg skal nevne dette i det heile, eller om vi skulle bevare det som ein liten hemmeligheit for du verden kor fint det var her oppe - også rett utanfor eiga stovedør da gitt... 

Det er relativt bra stigning opp frå Dalavatne, trur eg må rekne ut den stigningsgraden ein vakker dag. Men når vi er framme er dette gløymt. Og demningsbygging er ein fin syssel.

På kvelden tok vi oss ein tur bort på Navarsetevatne, her var det blekkande stilt og vi kunne sjå fisken svømme i kring. Og for den som plukkar molter, her er nokon snart modne... Løp og plukk.


Etter ei god natts søvn er det frukost. Og hvilken frukost; mjølk, juice, egg, bacon... 


På veg nedatt gikk vi via Navarsetestølen, der var det godt å finne ein skugge

Nedstinga via Navarsete er noko flatare - men vi må ned dei same høgdemeterane vi gikk opp - pyttsann

Så var vi nede ved vatne igjen, det er fint ved Dalavatne - ikkje sant?

Ingen kommentarer: