torsdag 17. januar 2013

Ein dag ute i det fri...

Månedens hovedtur - blei ein dag som tømmerhoggar! Det var gøy -og knallhardt. Ei kontorrotte har jo ikkje armar til slikt... Turen gjekk til Turrlifjellet på Kaupanger.
what a view

Men med ei fantastisk utsikt, gode kameratar og god mat - så er det jo berre lekkert. Det var nok tryggare enn bilete kan tyde på.

Arbeidskara i dei finaste omgjevnadar

Alle fekk vi utdelt kvar vår motorsag så var det berre å setje i gang. Også for Mr. Lumberjack Lite. Holdt vel i eit par timar, men da var eg heilt "av" i armane 
Mr. Lumberjack Lite

Og da er MAT viktig... Det trengs Kaffe, kakao, vaffler og toast (gjerne 2 av kvar)

toast
caffee
waffels, kakao - namnam

Så var det tilbake til Dagmar herjingar. Bilde under gir eit inntrykk av det, men du verden armane holdt i berre nye 30 minuttar. Hmmm lurer på korleis det blir på jobben imorgen, dei får vel kvile på tastaturet.
mykje rotvelt

Vi holdt på til klokka 14.30 - då gjekk sola ned ved Bleia. Dette var skøy etter gammalt.
Solnedgang ved Bleia

Ingen kommentarer: