torsdag 21. februar 2013

Into the night - ein alternativ kveldsmat

Basert på eit tips frå Kaupanger Topptrim tok vi med oss hodelykt og spente på oss skia etter mørkets frembrudd... i -10 grader


Vi køyrte opp til Storamyri, der vi festa lykter, ski og stavar - og traska ut i mørket - ungane var rimleg oppspelte - dette gleda sei seg til


Utfrå bilde over skulle ein tru det ikkje var semje om retning vi skulle gå i, noko hadde vore oppe og laga spor på myri. Det var fint gjort :-)


Vi kom oss over sletta og da var det å få førebudd kveldsmaten. Bål blei tent, pølser og te blei henta fram - månen skinte - du verden for ein idyll.. Hender blei også varma over bålet.


Maren og Tilla kosar seg ved bålet - og ja det blei kveldsmat på bikkja og - blei noke restar etter både den minste og nest minste


Alle var einige om at det hadde vore kaldt, litt skummelt (kunne jo være troll der...) og kjempegøy

fredag 15. februar 2013

På gamle trakter...

Tanken for månadens tur var å repetere tur frå tenåra. Utgangspunktet var Hodlekve for så å gå til Fjørlandssete.

Det var noko overskya og rimeleg "glimete" på veg oppover.

Det er flotte oppkøyrde spor. Når vi kom til Rysete tok vi til venstre mot Fjærlandsete - da hadde vi gått litt i underkant av 3 km (oppover og oppover).
Foto: Ved Ryssete

Her flatar det litt ut mot Fagereggi.
Foto: Mot Fagereggi

Når vi kom mellom Kollsetevatne og Fagereggivatne var det brått slutt på skispor. Når det er såpass "glimete" at du ikkje ser konturane i terrenget er det like godt å snu - vi bestemte oss for å gå til Høgehaug... Det medfører litt lenger til matpause - men vi held vel ut?
Foto: Fagereggi

Tilbake ved Rysete (da oppdaga vi ein bresprekk også...)var vi inne på hovudvegen igjen - så da var det berre å gå oppover (og oppover) til vi kom til vi kom til Høgehaug. Men no er vi jammen svoltne...
Foto: Bresprekk ved Ryssete - omlag 60 cm djup

Vel oppe på 980 meter
Foto: Høgehaug

Men du verden, sjelden har vel maten til ho mor smakt så godt.
Foto: Mmmmmm mat

Godt mette var det berre å spenne på seg skia og skli nedatt. Heldigvis letta det litt og det var greitt å sjå - så nedturen tok berre omlag 25 minutter.

Vi var skjønt einige om at turen - ein såkalla Y-tur - hadde vore fin.
Men eg lurer på om minne lurer meg litt... Usikker på om eg har vore på Høgehaug før gitt....