Da er det ei god veke sidan eventyret var over... Og for å summere med ein gong: "Living in London is good".
Blitt åtvara at slik er det: Det er vemodig å dra fra London, men veldig glad for å ha fått opplevd det. Vi har blitt kjent med mange veldig hygglege folk, familiar og hatt mange flotte opplevingar. Storbylivet er fantastisk med sitt yrande liv og eg trur det er ekstra bra når du veit at det er tidsavgrensa og kan trekke seg tilbake til ein rolegare kvardag etter kvart. På sett og vis er det også bra å dra heim før vi ønskjer å dra heim, då blir minna gode. Får du sjansen til å gjere noko tilsvarande - gjer det!