Årets store taekwondo hending – sommarleir i Fredrikstad. I år var staben til Team Maren utvida med 2* motivatorar (her: Synne og Frida), samt sjåfør/kokk Frank.
Dag 1 – Turen frå Sogndal til Fredrikstad
Teamet hadde lagt inn heile tre stopp på turen til Fredrikstad, noko som er særs uvanleg for sjåføren, så dette var notert ned på ei liste i forkant. Første stopp var på grensa mellom Sogn og Fjordane og Buskerud – ein forfriskande stopp…
Neste stoppe var ved Krøderbana og allereie no var det tendens på at noko var byrja å bli «litt» lei bilkøyring, godt det da berre er 172 km igjen, men litt klatring på togsett + ta med seg litt kull frå damplokomotivet som suvenir – så gikk alt så meget betre
Siste stopp før Fredrikstad var på ein rasteplass på Hurumlandet, vegvesenet kan dette med rasteplassar, her ein rasteplass med utkikkstårn (og no var det 81 km igjen).
Framme puh, rett på leikeplassen for å huske og henge opp ned i klatrestativ – alle loppene måtte ut…
Dag 2 – dag for trening med noko åttåt.
Den store treningsdagen. Maren trente sjølvsagt taekwondo, ikkje mindre enn 7 (sju) timar!!! Støtteapparatet fekk seg endeleg ein fotball, og fekk trena litt på dei ferdigheitane, medan sjåføren fekk seg fire mil på sykkel.
Etter treninga var det dagens store lille høgdepunkt - "shopping i Sweden"… Sikkert 1000 kvm med gotteri, og her inneheld den sikker E132 også – jaja gøy er det i alle fall. Samt at teamet kjøpte seg noko som sjåføren ikkje skjønte seg på, dei smurte det utover ansiktet??
Dag 3 – den store dagen
Maren’s store dag (alle sin eigentleg J)), får vi betalt for all treninga? Går Maren frå 7. til 6. cup? Med andre ord klarer ho graderinga og får grønt belte – vi er alle spente, for lett er det ikkje…
Graderinga går fint – berre sjå J :
Jess - Grønt belte er kult og vi er alle rørande glade. Vi tankar opp bilen og vender nasen heimover. På heimtur er det berre lagt inn to stopp. Stopp ein for å sjå på verdas største hoppbakke og stopp to for å få oss eit næringsrikt måltid på Flå…
Vi var alle einige om at dette hadde vore ein fin tur og støtteapparatet har allereie stilt seg til disposisjon til neste års sommarleir.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar