lørdag 23. juni 2012

Til Tyskland vi fer

Årets tur gikk på ny til Tyskland, eit flott land å besøke og for å lære språk!!

Turen gikk til Travemunde-Priwall. Travemunde-Priwall er ein bydel av den hanseatiske byen Lubeck (også kalla Lubeck's vakre datter) og ligg på kvar si side av elvemunningen Trave. Travemunde på den eine sida og Priwall som ei halvøy på den andre sida. Hytte og stranda var på Priwall, medan butikkane var i Travemunde.

Oslo - Tyskland

Vi køyrte til Oslo for å ta Kielferja. Vi hadde oppgradert romma våre og det var sanneleg ein suksess... "Rom med havutsikt". Maten ombord er som vanleg kjempegod, sjølv om nokon på nabobordet lurer på kva i all verden vi driv med :-). Slik er det når ein skal gjere seg litt til for fotografen, det er jo også ein fordel ved at dei då legg merke til at vi (eg) har lagt igjen telefonen, når vi (eg) var ferdig å ete...





Hytta/stranda

Havutsikt er det også frå huset/hytta. Vi er på plass i havnebyen. Travemunde-Priwall er ein havneby med samband til Sverige, Finland og Latvia. Det var artig når vi satt og åt frukost, så passerer eit stor skip - tilsynelatande i hagen...


Dyrevenner fekk vi fort. Dolly og Donald kom på besøk kvar morgon i håp om å dele litt frukost med oss

Hytta var utstyrt med eige bassenget og her kosa ungane seg, litt kaldt for ein vasspys (berre 28 grader), men det gikk greitt. Nokon valgte rutsjebane, ein rask veg uti vatne....

Lubeck

Vi hadde oss ein tur til Lubeck, ein Hansastad, som Bergen. Vi var innom tårn i den tidlegare muren kring Lubeck, Holsten-Tor, 3 meter tjukke vegger... Lubeck er også verdskjend for sin marsipan og her kjøpte eg meg ei marspianpannekake på Niederegger.



Hansa Park

Her kjem bilder. 
Så var det fornøyelsepark som sto for tur... Og jammen prøvde alle berg og dalbane. Nokon tøffare enn andre. Eldstemann tok loop ala Liseberg - kalla "Nessie", medan eldste jenta tok "Forbannelsen av  Novgorod" 0-100 på 1,4 sekunder + vridd i alle retningar. Å huttihuttan og huttihei, vi andre hadde nok med berg og dalbanene Vikingtokt - "the Midgard Serpent" og det lille hissige toget - "Racing Roland".

Joggeturar

I Travemunde-Priwall ligg det eit naturreservat, noko som gav flott ramme for den daglege joggeturen. Noko vi heller ikkje var klar over var at vi var på den tidlegare grensa mellom Vest - og Aust-Tyskland. Hit jogga, sykla, køyrte og gikk vi...



Color Fantasy

På båten tilbake var det tid for barnedisco, Noah og Frida imponerte på dansegolvet - lurer på kven dei har arva dei ferdigheitene frå...

Måten å reise på (Kielferja) og landet (Tyskland), kan verkleg anbefalast :-)

Ingen kommentarer: