Då var det klart for ein bonustur i Sogndalsdalen, denne gongen var det tur til Spefjellet. Ny topp og ny opplevelse for underteikna. Flott med desse guida turane.
Turen starta frå Litlabø, der vi følgde ein traktorveg eit stykkje. Etter ei tid kom vi til nokre raude skilt som losa oss inn på den gamle stien til stølen. Her gjekk vi gjennom ein del planta granskog.
frå granskogen - eigentleg på veg nedatt
Etter temmeleg nøyaktig 45 minutt var vi oppe på Spestølen, her var det fin sikt over Dalavatnet. Jamen vanka det ein kopp med kaffe også...

Spestølen
Det var ein god stigning frå Spestølen og opp til det flata ut, men du verden kor fint terreng det er når du kjem oppå... På bilde under er vi komme akkurat ved snøgrensa denne dagen på omlag 1100 meter (23.09.12). Det blei kappspringing for å bli første mann fram, men den eldste viste seg mest kløktig på den fronten - og satte resten av feltet på plass. (Bendik bomma på mål!!)

Nær toppen
Framme ved varden på Spefjellet på 1103 moh viste indre sogn seg frå den finaste sida og for ein utsikt... Dette blei ei stor overrasking. Du såg over til Blåfjellet, Frudalen, Torstadnakken, Veitastrondi, Hafslobygdi, Hurrungane, Lærdal og litt av Voss. Ein absolutt favoritt.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar