lørdag 13. oktober 2012

Postsesongen i gang - igjen!

Då var 1.oktober passert og postsesongen 2012/13 var igang... Grunna hjortejakt er det berre postar som ligg høgt i terrenget som er tilgjenglege. Usikker på årsak til det - kan være at det er lov til å jakte på postjegere.

Postsesongen starta i "frikst" og fint vær. Det var meir som om fjelltoppane hadde fått seg eit dryss med melis- rett og slett vakkert!
Foto: Kaupaner

Etter ei tid kom vi opp i "melisen" vi og - heldigvis var den ikkje meir enn nokre cm djup... Nokon hadde gått før oss, så vi hadde spor å gå etter.
Foto: Far i godt driv m/Storehaugen i bakgrunn

På veg frå ... mot Storehaugfjellet, møtte vi to karar på downhill sykkel. Relativt uventa på dette føret, truleg nokre studentar. Men vi kom oss i alle fall fram til posten, det var berre å skrive seg inn i boka og snu nedatt.

Foto: Postboksen på Storehaugen

For det var relativt kaldt på toppen, i det sola var på veg ned.
Foto: Islagt vatn

Vi venta med kaffe og sjokolade til vi var nede i skogen igjen, sjølv om det var med livet som innsats - i desse jakttider.

Ingen kommentarer: