torsdag 19. desember 2013

Julekonsert i Stedje kyrkje

Julekonsert i stedje kyrkje - framført av 4 og 5 klasse. Veldig spennande og kjekt når det sine eigne som skal framføre....


tirsdag 1. oktober 2013

Grøthovden

For ein dag, eit fantastisk turvær. I følge turkompis det same været som det var for 45 år sidan - ikkje verst. Turen i dag skulle gå til Grøthovden, det synte seg at der hadde ingen av oss vore før. Toppen er på 1128 moh. og ligg akkurat på kommunegrensa mellom Sogndal og Luster.

Turen starta i Kvamshagen, der det stig raskt oppover. Når man tek seg tid til ein pause og snur seg - så er det vakkert da. Under ser vi over til Gunvordalen og vidare opp i Laugi.
Laugi

Etter omlag 50 minuttar til ein time er vi oppe ved DNT-hytta på Grøssete. Dette er ein av mine favoritt plassar, men idag skulle vi lenger - så vi hasta berre forbi. Turkameratane ville absolutt være med på eit bilde då, så her er dei:

søndag 29. september 2013

Tylderingen

Endeleg bydde den første anledningen til å komme seg til fjells i haust. Turen gikk til Tylderingen via Stepin. Eg hadde aldri vore på Stepin - og opp dit var det bratt gitt...

Stepin

Etter vi var komne til Stepin flatar det ut - sjølv om det sjølvsagt er att nokre høgdemeter før du er på Tylderingen. Det er vakkert å gå i fjellet på hausten - nydlege fargar.
Haustfargar

Det er fint å gå i fjellet når det er vindstille - og fjellheimen speglar seg i Dalavatne. Det er mange fine utsiktspunkt på vegen, til og med litt luftig om du går heilt frampå kanten. Men det treng ein jo ikkje :-)
Utsyn mot Oksli og Frudalsfjellet

Vel oppe på Tylderingen 1104 meter, her ser du i retning Dalavatne, men du kan og sjå mot Hafslo (og Jotunheimen), Halasavatne (og Nuken) og Skriki. Det tek i underkant av to timar å gå dei vel 4 km opp til toppen. Det er ei alternativ rute å gå frå Fretland, den er nok kortare og flatare. Prøv begge deler !!!
Tylderingen

MERK: Fra Stepin og nedatt gikk vi Kløvjavegen - den er ikkje så bratt og eit godt alternativ.

søndag 14. april 2013

Langs Sognefjellsvegen - på ski

Som ledd i feiringa av krystallbryllaupsdagen (dag 3) - var det ski i høgfjellet som sto for tur. Værgudane var på vår side, enkelte synes det var nærast i varmaste laget.

Turen starta nær Oscarshaug, og vi drog i retning innover Sognefjellet. Reknar med det var Hr. Fortun som hadde lagt til rette med flott preparert løype innover fjellet - takker for det! Under ser vi fatter'n i fint driv i Gjuvabukti.

Opp Gjuvabakken blei vi varme og gode i trøya. Så det var godt med saft, kakao og litt sjokoladekjeks ved 1300 meter...

Litt fuglemat blei det på den firbeinte og (det er tross alt ein fuglehund)

Vidare framover var det relativt flatt fram til Øvre Hervavatn, truffe med smurning hadde vi og - vi hadde gode ski - bra glid og godt feste...


No var klokka såpass mykje at det var på tide å snu, middag venta på Turtagrø . Det var berre å gi gass. Til synelatande ni kilometer til Turtagrø...

Hvilket skue som venta nede ved Oscarshaug igjen - ikkje til å tru. Det er vel dette som kallas Nasjonalromantikk?

Resten av gjengen venta på oss nede ved Turtagrø hotell, her var det tilberedt ein tre-retters: paprikasuppe, laks m/torsk og Creme Brulee - himmelsk. Vi var alle einige om at dette hadde vore ein strålande tur og fantastisk mat... Whow

fredag 29. mars 2013

Mars - månadens tur

Månadens tur var med heile bøtteballetten av ungar. Været var flott, skiføre var greitt for de voksne - men for resten var det ein tanke bakglatt, det gjer turen litt tyngre...

Vi gjekk i retning Hausastølen, kva det heiter øverst på jordet veit eg ikkje heilt :-) - men hadde vi fortsatt hadde vi komme oss opp i Blombakken.


Opprop "toppen" var det mat og drikke som sto i fokus. Cola & Kvikk Lunsj sto på menyen... Så var det berre å rydde saman og skli nedatt - det synes det små var veldig kjekt, her imponerte minstemann.





torsdag 21. februar 2013

Into the night - ein alternativ kveldsmat

Basert på eit tips frå Kaupanger Topptrim tok vi med oss hodelykt og spente på oss skia etter mørkets frembrudd... i -10 grader


Vi køyrte opp til Storamyri, der vi festa lykter, ski og stavar - og traska ut i mørket - ungane var rimleg oppspelte - dette gleda sei seg til


Utfrå bilde over skulle ein tru det ikkje var semje om retning vi skulle gå i, noko hadde vore oppe og laga spor på myri. Det var fint gjort :-)


Vi kom oss over sletta og da var det å få førebudd kveldsmaten. Bål blei tent, pølser og te blei henta fram - månen skinte - du verden for ein idyll.. Hender blei også varma over bålet.


Maren og Tilla kosar seg ved bålet - og ja det blei kveldsmat på bikkja og - blei noke restar etter både den minste og nest minste


Alle var einige om at det hadde vore kaldt, litt skummelt (kunne jo være troll der...) og kjempegøy

fredag 15. februar 2013

På gamle trakter...

Tanken for månadens tur var å repetere tur frå tenåra. Utgangspunktet var Hodlekve for så å gå til Fjørlandssete.

Det var noko overskya og rimeleg "glimete" på veg oppover.

Det er flotte oppkøyrde spor. Når vi kom til Rysete tok vi til venstre mot Fjærlandsete - da hadde vi gått litt i underkant av 3 km (oppover og oppover).
Foto: Ved Ryssete

Her flatar det litt ut mot Fagereggi.
Foto: Mot Fagereggi

Når vi kom mellom Kollsetevatne og Fagereggivatne var det brått slutt på skispor. Når det er såpass "glimete" at du ikkje ser konturane i terrenget er det like godt å snu - vi bestemte oss for å gå til Høgehaug... Det medfører litt lenger til matpause - men vi held vel ut?
Foto: Fagereggi

Tilbake ved Rysete (da oppdaga vi ein bresprekk også...)var vi inne på hovudvegen igjen - så da var det berre å gå oppover (og oppover) til vi kom til vi kom til Høgehaug. Men no er vi jammen svoltne...
Foto: Bresprekk ved Ryssete - omlag 60 cm djup

Vel oppe på 980 meter
Foto: Høgehaug

Men du verden, sjelden har vel maten til ho mor smakt så godt.
Foto: Mmmmmm mat

Godt mette var det berre å spenne på seg skia og skli nedatt. Heldigvis letta det litt og det var greitt å sjå - så nedturen tok berre omlag 25 minutter.

Vi var skjønt einige om at turen - ein såkalla Y-tur - hadde vore fin.
Men eg lurer på om minne lurer meg litt... Usikker på om eg har vore på Høgehaug før gitt....

torsdag 17. januar 2013

Ein dag ute i det fri...

Månedens hovedtur - blei ein dag som tømmerhoggar! Det var gøy -og knallhardt. Ei kontorrotte har jo ikkje armar til slikt... Turen gjekk til Turrlifjellet på Kaupanger.
what a view

Men med ei fantastisk utsikt, gode kameratar og god mat - så er det jo berre lekkert. Det var nok tryggare enn bilete kan tyde på.

Arbeidskara i dei finaste omgjevnadar

Alle fekk vi utdelt kvar vår motorsag så var det berre å setje i gang. Også for Mr. Lumberjack Lite. Holdt vel i eit par timar, men da var eg heilt "av" i armane 
Mr. Lumberjack Lite

Og da er MAT viktig... Det trengs Kaffe, kakao, vaffler og toast (gjerne 2 av kvar)

toast
caffee
waffels, kakao - namnam

Så var det tilbake til Dagmar herjingar. Bilde under gir eit inntrykk av det, men du verden armane holdt i berre nye 30 minuttar. Hmmm lurer på korleis det blir på jobben imorgen, dei får vel kvile på tastaturet.
mykje rotvelt

Vi holdt på til klokka 14.30 - då gjekk sola ned ved Bleia. Dette var skøy etter gammalt.
Solnedgang ved Bleia

lørdag 5. januar 2013

Årsmøte for 2013

Då har turlaget hatt årsmøte for 2013. Det blir også i år lagt opp til 10 turar, for vi tk jo sumarferie.

Årets turar er i mest uordna rekkefølgje:

  • Dueskardshøgda
  • Hesteggi
  • Kyndalstjødni
  • Vardaheii
  • Sognefjellet (mai)
  • Yngsdalen -> Kvamshagen (september?)
  • Rena
GOD TUR!!


tirsdag 1. januar 2013

Sykkeltider


Oppslag på ulike slutttider - ulike løp:

Frank Slapp

Birkebeinerrittet

  • 2010: 5:00:55
  • 2011: 4:48:52
  • 2012: 4:03:35
  • 2013: 4:03:04

Valdresrittet

  • 2012: 2:28:03
  • 2013: 2:29:27

Klosterrittet

  • 2013: 2:53:34

Ivar Basso

Birkebeinerrittet

  • 2010: 4:03:22
  • 2011: 3:47:01
  • 2012: 3:49:07
  • 2013: 3:39:38

Valdresrittet

  • 2012: 2:22:10
  • 2013: 2:14:35

Klosterrittet

  • 2013: 2:34:04

Postvegrittet

  • 2012: 1:52:41