søndag 16. mars 2014

Isle of Wight


Av og til kan man få gode ideer når man sitter på undergrunnen og ser ut i "tomme lufta" - flotte bilder med lenke visitisleofwight.co.uk - hmmm kva er det?

Det såg riktig så spennande ut, ein tur innom Tripadvisor - så var det berre å booke tur - at vi i tillegg skulle treffe ein av dei første helgane med smak av sommar var jo berre heilt supert... Og det gjer jo alt så mykje lettare


Vi fant ut at Rowborough Hotel såg fint ut - god omtale på Tripadvisor. At det låg i Shanklin, som er endestasjon på toget passar oss ypperleg. Likar endestasjoner, er liksom ikkje noko stress med å komma av da....




Rowborough Hotel

Først og fremst før vi går vidare - skal du først dit bruk ei veke eller fleire helgar for her er mykje spennande. Som Osborne House, Trinity lighthouse, damplokomotiv +++. Så vidt eg har fått med meg også kalla krittøya...(men den er eg ikkje sikker på)

Sightseeing

Her var det berre å ta på seg gåskoa og komme igang....

Dag1

Kjøpte oss 24 timarskort på bussen (gjeld då heile øya), sette seg ombord på bussen og sjå kva som skjer. Vi var så heldig ut frå Shanklin at vi fekk fremste sete i overetasjen på dobbeltdekkeren...

Vi drog vi Ventnor ein kjempeflott kystby, med spennade bymiljø. Dit kunne eg godt tenkt meg dra, men vi køyrte berre gjennom med buss. Vegen gikk så vidare til Newport, der vi stoppa. I Newport er  Carisbrook Castle. Det var eit eldorado for små og avslappande for store. Her kunne dei (små) springe rundt utan støyande leiker, klatre på murar og helse på dyr og sist men ikkje minst ete tradisjonell engelsk mat....



Turen gikk så vidare til vestkysten og The Needles, blei på ein måte ein liten nedtur. Det hadde vore det værste været på over 200 år, om det var det som var årsaken vites ei. Men taubane som skulle ta oss ned til stranda fungerte ikkje, det gjorde heller ikkje karuseller i parken. Eg mistenker nok at det er den generelle vedlikehaldet som det skorta på - men - vi har i alle fall sett The Needles om enn litt på avstand...


Dag2

Dag 2 - holdt vi oss heile dagen i Shanklin. Vi gikk på stranda og i gamlebyen. Her fekk du eit preg av å være i Hellas langs stranda og det erkeengelske i gamlebyen. Berre heilt toppers...

Stranda:



Gamlebyen:



Nokre bonus bilder og filmsnutt...:


Minigolf på stranda


kult tog - fra når?

Sett deg ned så reiser vi. Kikk ut å se og ta det med ro. Bare en liten bag har jeg, bare en liten koffert har du.

Toget frå Ryde til Shanklin:



Hompetitten hompetatten....


Ingen kommentarer: