Musikk handlar om følelsar og det har vi berre godt av. Musikk i London er så mangt, men når vi først er her får vi prøve å rekke over litt og i løpet av disse tre månedene har vi vært på 5 stykker. Her sortert etter konsertdato
Lloyd Cole
Min ungdomshelt, med album som Rattlesnakes og Easy Pieces - hans siste album Standards er også ein fryd for øyra. Veldig kjekt å kunne oppleve. Under høyrer du "Perfect Skin" omringa av mange dyktige vokalistar i alderen 45-55 :-) Venue: O2 Shepards Bush. Saman med: Børge
Avishai Cohen
Nytt bekjentskap jazzmusikar frå Israel, eg blei veldig imponert. Publikum fekk skryt "you could hear a pin drop" - og det er visst bra. Lokale var av det legendariske slaget, vore i drift sidan 1959. Også kjekt for ein aldrande mann å kunne sitte ved eit bord med lampe... Ikkje lov med bilde eller video - derfor klipp frå youtube. So vakkert at det halve hadde vore nok... (Det same sa forresten ein årdøl om vatne i Vettis... "Det er så lite vatn i Vettis at det halve hadde vore nok...") Venue: Ronnie Scott's Jazzclub. Saman med: Aril, Tore og Arne
5 seconds of Summer
Ungdommskonsert... Ja, eg drog ikkje dit åleine , men saman med eldstejenta og nokre venninner. Og du blir glad på deira vegne når du ser (og ikkje minst høyrer) deira entusiasme kring musikken. At dei tykkjer gutane er kjekke er sikkert berre ein rimleg bonus. Det minna meg litt om innslaga vi har sett kring Beatles og Rolling Stones..Venue: O2 Shepards Bush. Saman med: Maren, Oda og Marte Elise
Robert Glasper
Ein sjanger eg ikkje har opplevd før blanding av klassisk jazz og hiphop. Humoristisk og god artist. Spennende bekjentskap - skal gå til invistering av album som heiter "Black Radio". Baserer seg på mange gjesteartiastar. Lydmessig fantastisk kvalitet. Venue: Apollo Hammersmith. Saman med: Børge
The Feeling
For ein fest... The Feeling var britisk pop på sitt beste, gav deg litt flashback av til dømes Pulp - ein av mine absolutte favorittar. I tillegg hadde vi surra oss inn i director's box, ingen av oss som skjønte at det var feil (ingen av dei som jobba der heller for så vidt - bortsett fra en vakt som var mistenksom). Men det enda opp med at vi hadde eigen balkong, eigen bar og eigen dass.... Gjesteartist var Sophie Ellis-Bextor (murder on the dancefloor). Venue: KOKO. Saman med: Aril, Tore og Ole-Tobias
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar