Då spolerte diverre influensa turen for desember, men vi får i mellomtida mimre tilbake med bilder frå årets månadsturar... Versågod...
onsdag 26. desember 2012
lørdag 24. november 2012
Tur til Tingastad
Sidan det var for blautt i marka oppe på fjellet - gikk vi heller bratt ned :-). Denne gongen gikk turen frå Sogndal Lufthamn til Tingastad. Det var relativt bratt nedover (ja - oppatt og...), luftig var det også - nokre plassar. Vi gikk nedover langs Klarelvi
Foto: Han far med Klarelvi i bakgrunn
Nede ved Tingastad (etter omlag 1 1/2 time), var det ting som tyda på at hjorten både hadde plukka og ete alle epla dette året...
Foto: Tingastad Gard
Nede på strondi gjorde soli eit forsøk på å bryte gjennom skylaget, dette må seiast å være eit godt forsøk - i det vi ser over mot Frønningen
Foto: Mot Frønningen
På veg oppatt - etter å ha passert Sagagjelet - kom vi til ei tømmerkoie, som truleg ikkje er i bruk lenger...
Foto: Tømmerkoie
Sola gjorde eit nytt forsøk på å bryte gjennom - denne gangen vant skylaget...
Foto: Break on thru
lørdag 13. oktober 2012
Postsesongen i gang - igjen!
Då var 1.oktober passert og postsesongen 2012/13 var igang... Grunna hjortejakt er det berre postar som ligg høgt i terrenget som er tilgjenglege. Usikker på årsak til det - kan være at det er lov til å jakte på postjegere.
Postsesongen starta i "frikst" og fint vær. Det var meir som om fjelltoppane hadde fått seg eit dryss med melis- rett og slett vakkert!
Foto: Kaupaner
Etter ei tid kom vi opp i "melisen" vi og - heldigvis var den ikkje meir enn nokre cm djup... Nokon hadde gått før oss, så vi hadde spor å gå etter.
Foto: Far i godt driv m/Storehaugen i bakgrunn
På veg frå ... mot Storehaugfjellet, møtte vi to karar på downhill sykkel. Relativt uventa på dette føret, truleg nokre studentar. Men vi kom oss i alle fall fram til posten, det var berre å skrive seg inn i boka og snu nedatt.
Foto: Postboksen på Storehaugen
For det var relativt kaldt på toppen, i det sola var på veg ned.
Foto: Islagt vatn
Vi venta med kaffe og sjokolade til vi var nede i skogen igjen, sjølv om det var med livet som innsats - i desse jakttider.
Etiketter:
fatteren,
fjelltur,
Kaupanger,
Storehaugen
mandag 24. september 2012
Spefjellet - ein bonustur
Då var det klart for ein bonustur i Sogndalsdalen, denne gongen var det tur til Spefjellet. Ny topp og ny opplevelse for underteikna. Flott med desse guida turane.
Turen starta frå Litlabø, der vi følgde ein traktorveg eit stykkje. Etter ei tid kom vi til nokre raude skilt som losa oss inn på den gamle stien til stølen. Her gjekk vi gjennom ein del planta granskog.
frå granskogen - eigentleg på veg nedatt
tirsdag 18. september 2012
Ser du sola du Ola, ser du månen du Per?
Ola:
Ser du månen du - Per:
torsdag 13. september 2012
Rundtur i Sogndalsfjellet via Tylderingen
Ny sesong, 2012/13 er i gang. Denne gong turen i fjella mellom Sogndalsdalen og Hafslo. Været hadde vore litt ymse, men vi satsa på at værgudane ville halde seg på vår side. Turen starta på Fretland og du verden for ein start. Ikkje visste vi at så mange hadde sett fram til starten av sesongen. Vi følte oss som reine popstjernene. Dette ser du tydleg på bilde til venstre.søndag 12. august 2012
Ei veke i turistforeningen si ånd...
Siste veke av ferien blei delvis tilbrakt i fotspora til DNT - og det er kjekt. Nyttar fylkesatlas som støtte til informasjon.
Første tur var til Skogadalsbøen
Heile gjengen traskar iveg kring klokka 12 ein laurdag. Tåka ligg tjukk ved Sognefjellshytta. Vi skal ned Vetle Utladalen for å gå til Skogadalsbøen. På bilde under ser vi minste deltakaren, som skuar utover det som visstnok er øverst i Vetle Utladalen.
tirsdag 7. august 2012
onsdag 18. juli 2012
Sykkelklubben Sykkel - Kaizen
Sykkelklubben Sykkel - Kaizen, eller forkorta SKS-Kaizen har fått seg eigen blogg:
SKS-kaizen.blogspot.no
SKS-kaizen.blogspot.no
lørdag 23. juni 2012
Til Tyskland vi fer
Årets tur gikk på ny til Tyskland, eit flott land å besøke og for å lære språk!!
Turen gikk til Travemunde-Priwall. Travemunde-Priwall er ein bydel av den hanseatiske byen Lubeck (også kalla Lubeck's vakre datter) og ligg på kvar si side av elvemunningen Trave. Travemunde på den eine sida og Priwall som ei halvøy på den andre sida. Hytte og stranda var på Priwall, medan butikkane var i Travemunde.
Turen gikk til Travemunde-Priwall. Travemunde-Priwall er ein bydel av den hanseatiske byen Lubeck (også kalla Lubeck's vakre datter) og ligg på kvar si side av elvemunningen Trave. Travemunde på den eine sida og Priwall som ei halvøy på den andre sida. Hytte og stranda var på Priwall, medan butikkane var i Travemunde.
Oslo - Tyskland
Vi køyrte til Oslo for å ta Kielferja. Vi hadde oppgradert romma våre og det var sanneleg ein suksess... "Rom med havutsikt". Maten ombord er som vanleg kjempegod, sjølv om nokon på nabobordet lurer på kva i all verden vi driv med :-). Slik er det når ein skal gjere seg litt til for fotografen, det er jo også ein fordel ved at dei då legg merke til at vi (eg) har lagt igjen telefonen, når vi (eg) var ferdig å ete...
mandag 11. juni 2012
Sommarleir i Fredrikstad - taekwondo
Årets store taekwondo hending – sommarleir i Fredrikstad. I år var staben til Team Maren utvida med 2* motivatorar (her: Synne og Frida), samt sjåfør/kokk Frank.
Etiketter:
Fredrikstad,
Sogndal,
TaeKwonDo,
Team Maren
lørdag 2. juni 2012
#3 Sykkeltur til Alsmo
Sykkelklubben Sykkel ekspanderer med nye 100%, to nye topprytterar klar til innsats Danielo Di Lund & Mark Cavedviks.
lørdag 26. mai 2012
#2 morgensykkel: Sogndal - Hella - Sogndal
Etiketter:
Hella,
Ivar Basso,
Morgensykkel,
Sogndal,
Sykkeltur
fredag 25. mai 2012
Tur til Søre Kaldeklettane
Vi satte ut på tur til Blåskavelen, men da vi kom til Sluppen var veg stengd.
Vi tok skia fatt og gikk innover langs Modlaugselvi og oppover Soleibakkane. Vi såg oss ut Søre Kaldeklettane 1433 moh, som ein tur som var innafor det tidsrommet vi hadde til rådigheit.
Det blei ein flott tur i behageleg terreng og i eit fantastisk vær (kring 20 grader +)
Vi tok skia fatt og gikk innover langs Modlaugselvi og oppover Soleibakkane. Vi såg oss ut Søre Kaldeklettane 1433 moh, som ein tur som var innafor det tidsrommet vi hadde til rådigheit.
Det blei ein flott tur i behageleg terreng og i eit fantastisk vær (kring 20 grader +)
Etiketter:
Aurlandsfjellet,
fatteren,
skitur,
Søre Kaldeklettane
lørdag 19. mai 2012
Første morgensykkel: Søvikneset - Rødsliane - Drange
Etiketter:
Drange,
Morgensykkel,
Rødsliane,
Sykkeltur,
Søvikneset
fredag 18. mai 2012
Sykkelklubben Sykkel
Kan dette være den spede start for Sykkelklubben Sykkel?
onsdag 4. april 2012
fredag 16. mars 2012
Skitur til Storehaugen
fredag 17. februar 2012
Skitur i Februar: Hungerhaug - Vardaheii - Breisete
Turen i Februar var også ein ny jakt på postar. Vi blei overraska av dårleg vær og tett tåke oppe ved Vardaheii. Da er det godt å få hjelp av smarttelefonar og kunnskapen som låg i botn etter mange turar i området i ungdomstida. Alternativet var å følgje skispora tilbake, men heldigvis letta det etter litt tid...
Kart/rute:
Værdata:
søndag 12. februar 2012
mandag 23. januar 2012
Årets første topptur - Dueskardhøgdi
Årets første tur gikk til Dueskardshøgdi, på veg opp noterte vi oss for to postar på Kaupanger sin topptrim.
Turen:
Frå flyplassen på Haukåsen er det bomveg til stølen på Lingsete. Vidare går vegen vestover mot Dueskardhøgdi (986 moh), her er det noko stigning. Middels tung til tung tur med fantastisk utsyn mot Sogndalsfjorden og Aurlandsfjorden
Etiketter:
Dueskardhøgdi,
fatteren,
Kaupanger,
ski,
skitur
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
















